VOSS 3-ETAPPARS (V3E)

V3E

Overnatting

Overnatting kan bestillast fram til 3. august!

Me har avtale med Bømoen AS og Ringheim Kafé og Catering om overnatting og halvpensjon i kasernene i Bømoen leir. Då bur ein ved start/runding/mål for både gaterittet laurdag og fellesstarten sundag, og det er 15 km med gang- og sykkelveg til/frå målgangen for tempoen på toppen av Skjervet. Prisen er 750,- per person per natt inkludert halvpensjon (frukost og middag). Det er stor fleksibilitet når det gjeld antall personar sidan det er mange hus i leiren og mange rom av ulik storleik og varierande antall sengeplassar. Det er også fullt mogleg å koma tidlegare enn fredag 8. august. NB: Ein må ta med sengetøy og handdukar sjølv.

Send bestilling av overnatting, dess før dess betre, til Rune Herheim på e-post: rher@hvl.no. I fyrste runde treng me berre eit omtrenteleg tal på kor mange personar og kva klubb og dagar det gjeld. Så må me ha namnelister og informasjon om allergiar innan 3. august. Avbestillingsfrist er då også 3. august.


Kontakt

Rittleiar Rune Herheim

Tlf: 95272414

e-post: rune.herheim@hvl.no

Støttespelarar

Uno X

Voss sparebank logo bilde

Vossevangen Bil logo bilde

Vossabia logo bilde

Endeve sport logo bilde

Flage Maskin bilde

Voss Liftutleige bilde

Nyttige lenkjer